Foto: Olvondo
- Annonse -

Olvondo Technology på Rubbestadneset har fått store midlar gjennom EU sitt innovasjonsprogram Horizon 2020.

Bømlo-bedrifta har i løpet av dei siste åra utvikla ei løysing der varmepumpar produserer damp frå fjernvarme, og dermed får redusert bruken av naturgass og CO2-utslepp i industrien.

Løysinga har fått namnet HighLift, og blei første gong teken i bruk av Tine Meierier  i Ålesund tidlegare i år, noko som gjorde at CO2-utsleppet til meieriet blei redusert med to tredjedeler.

No har den nyskapande prosjektet blitt nominert til ein europeisk innovasjonspris. Ikkje nok med det, men bedrifta, som blei delvis kjøpt opp av Westcon i fjor, har også blitt tildelt 26 millionar kroner frå EU sitt innovasjonsprogram Horizon 2020.

– Dette var utruleg gode nyhende. Med desse midla får me høve til å vidareutvikle prosjektet, fjerne ein del «barnesjukdommar» frå den første versjonen av produktet, og relansere den nye generasjonen av HighLift. Slik vil me også kunne bygge selskapet vårt vidare rundt utviklinga av produktet, seier daglig leiar i Olvondo Technology, Stefano Vittor i ei pressemelding.

I følgje selskapet er interessa for den nye løysinga stor også internasjonalt.

- Annonse -

– Me har opplevd stor merksemd rundt HighLift, og hatt førespurnader frå fleire internasjonale aktørar som er interesserte i denne typen løysing i sin produksjon, mange av dei legemiddelselskap og frå næringsmiddelbransjen, seier Vittor.

Selskapet vart etablert på Rubbestadneset i 2012 etter eit oppkjøp av produksjonsaktivitane i Wärtsilä sin tidlegere fabrikk.

HighLift er eit av fjorten prosjekt i Europa som får midlar frå programmet i år.

I vinter fekk også NCE Maritime CleanTech på Stord støtte frå Horizon-programmet. Klynga fekk tilkjent heile 110 millionar kroner i støtte.

- Annonse -