Foto: Falturiltu
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

PS Bryggekafe inviterer til skrønekveld med mykje tøys og litt alvor.

Av: Ingrid Hovstad

Multitalentet Brynjar Stautland vitjar kafeen med kåseriet «Bømlingar og Fitjarbu’ – hand i hand med same tru». Stautland er forfattar, skodespelar og driv med både film- og fjernsynsproduksjon, og er kjent for sin evne til å fortelja historier. Dette vert ein lun kveld i Kråko med meir eller mindre sanne historier. Det vert ogso musikk, i form av heimelaga viser, og kanskje ei salme eller to om det trengs.

PS Bryggekafe vart i slutten av desember selt til Kråko Utvikling, og Kråko Gjestetun skulle organisera drifta vidare.

– Denne første månaden har gått overraskande bra. Me har no kafeen open anna kvar helg, ofte med arrangement på fredagskveldar og laurdagar, og gode søndagsmiddagar. Me gjekk for partalshelger. Me nyttar facebooksida vår til å spreia informasjon om dei ulike tilboda, og me har fått oss eiga heimeside «ps-bryggekafe.no», fortel Kristine Dalen.

- Annonse -

Ho fortel at skrønekvelden er berre ei av fleire spennande hendingar framover.

- Annonse -
- Annonse -

– 1. mars vert det kveldasete med god kveldsmat og åresal. Inntekta frå åresalet vil gå til Stord/Fitjar Røde Kors. I april vitjar Vivian Steinsland oss, og syng viser frå Johannes Kleppevik. Elles vert det quiz to gongar i halvåret, pubkveldar, og truleg ny gourmetkveld med fleirretters meny. I tillegg til andre ting me skulle koma til å finna på, fortel Dalen.

- Annonse -