Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Ingen personar vart skadde i trafikkuhellet då ein personbil køyrde inn i ein lastebil.

I 8.40-tida fredag morgon meldte politiet at det har skjedd eit trafikkuhell i Bømlafjordtunnelen.

Då naudetatane kom til staden meldte dei tilbake at ingen vart fysisk skadd i uhellet.

Bømlafjordtunnelen var stengt i tida etter ulukka. I 9-tida melde politiet er at køyretøya involvert ulukka var kome ut av tunnelen.

Politiet er på staden for å dirigere trafikken.

Klokka 10 meldte politiet at tunnelen igjen var open for trafikk.

- Annonse -
- Annonse -