Foto: tipsar
- Annonse -

Årsaka er at det kjem røyk og damp ut av tunnelen.

– Det er kome røyk og damp ut av tunnelen i heile dag. Det er det same no, fortel operasjonsleiar Thomas Nordvik i Sørvest politidistrikt.

Han opplyser at Vegtrafikksentralen nyleg har bestemt å stenge tunnelen grunna dette.

Tunnelen skal ha blitt stengt medan ventilasjonen blei sett på fullt for å lufte ut vassdampen.

Tunnelen blei opna igjen etter kort tid.