Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Mogleg motorhavari, melder politiet.

– Vi fekk meldinga klokka 14:13 og politi og brannvesen er på veg til staden, opplysar Jøran Solheim ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

– Traileren står nærmare to kilometer frå utgangen i retning Stord. Røyken har avteke no, men tunnelen er framleis stengd.

Klokka 14:27 skriv Politiet i Sør-Vest at brannvesenet er på staden. Det er ikkje snakk om brann, men mogleg motorhavari.

– Tungbergar på veg. Tunnel vil straks bli opna med redusert hastigheit, heiter det i Twitter-meldinga.