I desse lokala i Evjo ønskte Stord Islamske Kultursenter å etablere moské. Foto: Google maps
- Annonse -

Huseigaren i Hamnegata 20-22 har nyleg fått melding frå styret i Stord Islamske Kultursenter om at dei likevel ikkje er interessert i å leige lokala.

Stord24 har i fleire artiklar skrive om at Stord Islamske Kultursenter har vore på jakt etter nye lokale, etter at dei blei kasta ut frå eit trangt kjellarlokale i Borggata grunna manglande branntryggleik.

I oktober i fjor gjekk det mot ei løysing for organisasjonen, då huseigar Bjørn Lambrechts i næringsbygget i Hamnegata sa ja til å leige ut eit 145 kvadratmeter stort lokale.

No skriv Sunnhordland at organisasjonen i førre veke melde frå om at dei likevel ikkje er interessert i lokala.

– Me hadde ein avtale om at dersom dei såg at det blei for vanskeleg å få lokala omregulert, så kunne dei gå ut av han. I førre veke sa dei opp avtalen, seier huseigar Bjørn Lambrechts til Sunnhordland.

Styret i Stord Islamske Kultursenter sa dermed opp avtala samtidig som det vart kjend at Stord kommune og politiet har uttrykt uro for radikalisering i deler av miljøet i organisasjonen.

- Annonse -

I ein uttale frå Stord Islamske Kultursenter opplyser styret i dag at dei no har fjerna den kontroversielle imamen som har vore knytt til uromeldingane om radikalisering.

– Denne situasjonen var berre mellombels til styret får tak ein person med relevant utdanning som kan ta denne krevjande imamstillinga. No har styret bestemt seg å avtale med ein annan person som har den naudsynte kunnskapen. Han skal ta over frå neste fredagsbøn.