Raudt Stord har fått ein ny giv dette valet. Til venstre lokallagsleiar Mohamed Kallel. Foto: Raudt
- Annonse -

Inspirert av valkampen til valkampen til Demokratane sin presidentkandidat Bernie Sanders, vil Raudt Stord legge til rette for grasrotaktivisme og folkemøte på Den Blå Time.

Raudt er ikkje representerte i dei to politiske debattane i Sunnhordland, korkje på Bømlo onsdag eller på Arena i kveld. Når det gjeld debatten Stord24 arrangerer så er ikkje Raudt invitert fordi det rett og slett ikkje er plass til så mange parti på scenen på Arena og ein har difor satt grensa ved dei partia som har representantar på tinget frå Hordaland i dag.

Det hindrar ikkje det gjenoppstarta lokallaget Raudt Stord frå å bli høyrt lokalt.

Aktivisme

Inspirert av valkampanjen til Bernie Sanders i USA, der han gjorde det overraskande godt på eit bittelite budsjett, har Raudt hatt ein kampanje gåande i valkampen der dei prøver å leggja til rette for grasrotaktivisme og spreiing av politikk frå sofaen, gjennom internett, melder leiaren i lokallaget Mohamed Kallel.

Eitt ledd i denne kampanjen har vore videosendingane Rødt Hjemmefra, der partiet har laga direktesendingar på Youtube med informasjon om kva Raudt gjer i valkampen og korleis folk kan bidra.

- Annonse -
- Annonse -

Norges største på nett

Den siste av desse sendingane kjem om kvelden søndag 3. september, og då ynskjer Raudt å skipa Noregs største politiske folkemøte, gjennom internett.

- Annonse -

– I Sunnhordland har ikkje Raudt fått vera med i dei lokale valdebattane, og Raudt Stord ønskjer difor å nytta dette høvet til å la innbyggjarane verta betre kjende med partiet. Me inviterer difor til samling på Den Blå Time, der me vil laga den lokale versjonen av dette folkemøtet, fortel lokallagsleiar Mohamed Kallel.

Ny giv

Det har vore lite aktivitet i Raudt Stord dei siste åra, og ved kommunevalet for to år sidan stilte ikkje partiet liste. No er det derimot full giv igjen, skal ein tru leiaren.

– Me har fått mange nye medlemer den siste tida, og har starta opp lokallaget på nytt, med meir aktivitet og optimisme enn nokon gong. Me opplever at mange tek kontakt med oss og fortel at dei i det siste har vorte meir einige med Raudt i mange saker.

– Me ser fram til å jobba saman med fagrørsla og folk på grasrota dei neste åra, for å sikra arbeidstakarar sine rettar i arbeidslivet og å verna velferdsstaten mot kommersielle interesser, avsluttar Mohamed Kallel.

- Annonse -