Kevin René Gustavsson er den første Paradise Hotel-deltakaren frå Stord. Foto: Sara Slålie
- Annonse -

Kevin René Gustavson frå Stord kom på ein delt første plass i årets Paradise Hotel. Likevel måtte han reise heim utan ei krone.

Etter fleire månader med festing og intrigar i årets sesong av Paradise Hotel, vart det til slutt klart at Kevin René Gustavson (21) frå Stord nådde heilt opp saman med Martine Lunde (21).

Men trass i sigeren har Gustavson lite å jubla over.

Tradisjonen i Paradise Hotel når det er to vinnarar, er at dei held ein såkalla «truskapstest», der begge deltakarane held på ei kule. Dersom ingen slepp kula, ville premien på 300.000 kroner gå til begge deltakarane. Men dersom ein av deltakarane er så slue at dei slepp kula, stikk dei av med heile potten.

Det var sistnemnde som skjedde i årets sesong. Martine Lunde slapp kula og stakk av med heile potten på 300.000 kroner, medan Gustavson må dra heim utan ei einaste krone.

– Eg synest det var råttent gjort, men om ho klarar å ha det på samvitet sitt, så er det greitt. Eg tenkjer at Martine og eg kom i finalen av ein grunn, og eg tenkte at ho fortente dei 150 000 kronene like mykje som meg, seier Gustavson til Dagbladet.

- Annonse -
- Annonse -