Innsatsleiar Aleksander Mathieson i politiet informerer om ulukka. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tenåringen som blei skadd var del av ein gutegjeng som hadde teke seg inn på anleggsplassen ved Nysæter ungdomsskule.

Eit stort oppbod med personell frå naudetatane rykte ut til anleggsplassen ved den nye ungdomsskulen som er under oppføring på Nysæter.

Meldinga gjekk ut på at det skjedde ei alvorleg fallulukke.

– Det er ein person som er frakta til sjukehuset med ambulanse. Han vil bli frakta vidare med luftambulanse, opplyser innsatsleiaren i politiet til Stord24 på staden.

Han fortel at den skadde er ein tenåring. Han var ifølgje innsatsleiaren ein del av ein gjeng på mellom tre og fem gutar som hadde teke seg inn på anleggsplassen.

– Er det ingen av dei andre som var involvert i fallet?

- Annonse -

– Alle dei tinga er blant det me skal få avklart i etterforskinga.

– Er det nokre bygningsmessige skader på anleggsplassen?

– Det er ukjent, seier innsatsleiaren.

Ein representant frå Stord kommune opplyser overfor Stord24 at det ikkje har føregått noko anleggsarbeid på området dei siste dagane.

Ein person har ramla ned frå ein bygning ved Nysæter ungdomsskule søndag kveld. Ulukka vert skildra som alvorleg. Foto: Jonas Sætre/Stord24.

Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sørvest politidistrikt opplyser til Stord24 at det er snakk om eit fall frå stor høgde.

– Det virkar som at fleire av desse gutane har vore på taket av dette nybygget som er under oppføring. Så framgår det at guten som er skadd har falle gjennom taket. Han skal ha falle fire-fem meter ned.

Fenne-Jensen har ikkje fleire opplysningar om tilstanden til guten.

– Dei har utført livreddande førstehjelp og skadeomfanget er uavklart. I det ligg det at det er alvorleg. Eit hardt fall frå ein så stor høgde er alvorleg. Eg legg til grunn at han ikkje var ved medvit.

Han seier at pårørande til gutegjengen tidleg kom til staden.

– Pårørande til pasienten er varsla. Dei kom til staden og det gjorde også føresette til fleire av dei andre vitnene som var til stades under hendinga. Dei vil bli ivareteke på staden av føresette, helsepersonell og politiet.

– Er kommunen sitt kriseteam kopla inn?

– Så vidt meg bekjent skal kommunen sitt kriseteam vera varsla, så eg legg til grunn at det blir gjort ei oppfølging der.

– Kva gjer politiet no på staden?

– Me undersøkjer så godt me kan på staden med tanke på kor han har falle gjennom og kor han har landa. Me gjer ulike målingar og har samtalar med vitne.

– Vil det bli aktuelt å kopla inn Arbeidstilsynet med tanke på om anleggsplassen har vore godt nok sikra?

– Per no har me ikkje gjort det, men det må me nesten koma tilbake til. Dei har jo gått inn på ein arbeidsplass som i utgangspunktet har vore sperra av. Det er jo nettopp fordi sånne ting kan skje på ein byggeplass. Men det er jo ikkje arbeidarar som har blitt skadd, så dette er noko Stord politistasjon må gjer ei vurdering på i morgon.

Saka blir oppdatert.

- Annonse -
Forrige artikkelAlvorleg fallulukke ved Nysæter ungdomsskule
Neste artikkel– Det er klart det blir ein spesiell skulestart
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no