Saka skal gå for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann frå Stord i midten av 50-åra må møte i retten etter han køyrde på ein mann på Heiane for eitt år sidan.

Det var i 6.30-tida ein desembermorgon i fjor at stordabuen køyrde ein varebil forbi Elkjøp på Heiane, då han ikkje var merkam på ein fotgjengar som skulle krysse gangfeltet.

– Han feilfordelte merksemda og/eller haldt for høg fart etter forholda slik at han ikkje blei merksam på fotgjengar NN som kryssa vegbanen, og køyrde på han i fotgjengerfeltet, skriv statsadvokat Tore Kulstad i tiltalen.

Påkjørselen fekk alvorlege følgjer for mannen som blei treft av bilen.

Han blei påført brot i ryggsøyle, arm og handledd, fekk delvis samanfalt lunge og fleire ribbeinsbrot. Mannen fekk også brot i ansiktsskjelettet.

- Annonse -

Stordabuen er tiltalt etter vegtrafikklova § 31, for å ha køyrt bil utan å vere tilstrekkeleg omsynsfull og varsam i trafikken.

- Annonse -
- Annonse -

Statsadvokaten har også lagt ned påstand om tap av førarrett for motorvogn, og oppreising/erstatning til fornærma.

Saka vil gå for Sunnhordland tingrett i januar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -