Bjørn Erik Ovesen frå Bømlo var snar med å henta pulverapparatet då det byrja å brenne i denne bilen i Bømlafjordtunnelen. Foto: Bjørn Erik Ovesen
- Annonse -

Yrkessjåfør Bjørn Erik Ovesen visste akkurat kva han skulle gjere då bilen framføre han byrja å brenne i Bømlafjordtunnelen søndag.

– Ein god grunn til at det gjekk så bra er at eg visste kva eg skulle gjere og at eg hadde sett filmen «Tunnelen», fortel Ovesen til Stord24.

Bømlingen gjorde ein stor forskjell då det oppsto ein dramtisk brann i ein bil med campingvogn søndag ettermiddag. Tunnelen var stengt i halvannan time etter at brannen oppsto ein kilometer inne i tunnelen på Sveio-sida.

Ovesen, som kjem frå Bømlo og jobbar som yrkessjåfør, var på jobb då han køyrde i sørgåande retning i tunnelen.

– Tunnelen hadde allereie vore stengt ein del gonger denne dagen grunna høge avgassar. Difor var det enormt mykje trafikk då eg køyrde i tunnelen. Det gjekk veldig seint nedover i tunnelen, og eg tenkte det måtte ligge nokre vogntog framføre.

Det var Haugesunds Avis som først meldte om saka.

- Annonse -

– Såg veldig rart ut

Men då han var på veg oppover så forsvant alle bilane framføre han ein etter ein. Dei køyrde forbi ein campingvogn som køyrde unaturleg seint. Men Halvorsen haldt seg til reglane om at tungbilar ikkje har høve til forbikøyring i det doble køyrefeltet.

– Eg låg bak campingvogna oppover, og då var den høgste hastigheita 27 kilometer i timen. Då tenkte eg ‘kva er dette for noko?’. Det såg veldig rart ut.

Eit godt stykke opp i tunnelen såg han at det kom meir og meir røyk frå bilen framføre, til den slutt stansa på vegskulderen.

– Eg veit kor farleg det kan vere å stanse midt i tunnelen, så eg køyrde rett opp i ræva på han. Eg gjekk ut og banka på passasjersida, og spurte om dei klarte å få bilen ut av tunnelen. Men den var heilt død.

Foto: Bjørn Erik Ovesen

– Flammane sto opp

Bømlingen sprang då ned og varsla vegtrafikksentralen om motorhavari frå ein av telefonboksane langs vegen i tunnelen. Akkurat når han skulle til å leggje på høyrte han at bilalarmen byrja å ule.

– Då såg eg at det var full fyr. Røyken velta og flammane sto opp. Eg nappa med meg pulverapparatet og såg at panseret sto opp. Mest sannsynleg har bilføraren opna panseret og så har han tilført oksygen.

Halvorsen pøste på med pulver frå pulverapparatet, og henta seg eit nytt. Også det tømte han, saman med bilføraren. Han sprang tilbake til telefonen for å varsla om brannen. Vegtrafikksentralen svarte han at dei hadde sett brannen på overvakingskamera og hadde allereie varsla brannvesenet.

Så sprang han tilbake med det tredje pulverapparatet. Først då roa brannen seg.

– Det var ein stor og veldig aggressiv brann. Hadde me ikkje vore snare med pulverapparatet trur eg heile bilen hadde brent opp.

Slik såg det ut etter at bergingsbilen hadde teke med bilen. Vogntoget til Bjørn Erik rett bak. Foto: Bjørn Erik Ovesen

– Ein er heilt aleina

Bømlingen trur det tok om lag eit kvarter før dei første brannmannskapa var på plass. Dei fekk sløkka restane av brannen. Han rår alle til å vere førebudd på kva ein må gjere i ein slik situasjon.

– Eg sit no her og køyrer tusenvis av kilometer i året. Då får ein tid til å reflektera over kva ein skal gjera i ulike situasjonar. Ein må vera smerteleg klar over at når ein står i ein slik situasjon så er ein heilt aleina. Då er det viktig at ein er førebudd på kva som kan skje.

Vaktleiar Christer Gilberg på 110-sentralen rosar Halvorsen sin heltemodige innsats overfor Haugesunds Avis.

– Det er heilt rått. All innsats har risiko, men at ein får gjort noko med flammane og hindra at det utviklar seg slik det gjorde i «Tunnelen», er veldig viktig. Når han har tenkt gjennom kva han gjer i ein slik situasjon er det heilt fantastisk, seier Gilberg.