Bjørn Eidsvåg. Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den folkekjære artisten Bjørn Eidsvåg blir eitt av trekkplastera til årets utgåve av Fest i Vest i Sagvåg.

– Me har glede av å annonsere at Bjørn Eidsvåg kjem til Sagvåg og Fest i Vest, melder arrangørane bak festivalen.

Eidsvåg vil vere headliner på fredagen. Her kjem han med fullt band.

Festivalleiar Britt Heidi Værøy seier Eidsvåg er noko av det største som er blitt booka av artistar i festivalen si tre år lange historie.

– At me får Bjørn Eidsvåg på scena viser at me har moglegheit til å få noko av det beste i Norge til Sagvåg. Me har jobba hardt for å få ein artist av denne kaliberen til årets festival, seier Værøy.

- Annonse -

Arrangørane har tru på at Bjørn Eidsvåg vil vere ein samlande artist, som kan dra både ung og gammal til scena i Skjepavikjo.

- Annonse -
- Annonse -

– Sidan oppstarten i 1971, har den folkekjære artisten Bjørn Eidsvåg skrive seg grundig inn i norsk musikkhistorie. Han har skrive ei rekke udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til.

I januar vart det klart at dei lokale heltane i Storm Weather Shanty Choir er skal opptre på årets festival.

- Annonse -