Ei stolt Bjørg Strømme viser korleis ho har sydd til skinna og kledd dei på dei to små borda. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I går fekk Lerøy Sjøtroll overlevert to små settbord til pynt i administrasjonsbygget; begge er kledde med lakseskinn av Bjørg Strømme frå Fitjar.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Den kjende Fitjar-kunstnaren Bjørg Strømme har gjort ulike produkt i fiskeskinn til sitt varemerke. Derfor er det berre som det skal vera at ho bidrar til utsmykkinga av det nye administrasjonsbygget til Lerøy Sjøtroll ved «Kvedno».¨

Ho var ikkje vond å be då ho blei kontakta i sommar av Svein Nøttveit ved anlegget til Lerøy Sjøtroll. Han ville ha kledd to små settbord med lakseskinn.

Bjørg Strømme fortel at ho har kjøpt lakseskinn frå Island. Dei fleste er i natuerell gråfarge, men enkelte er farga. Borda har ho fått frå Danmark. Bjørg har reinskore lakseskinna og sydd dei saman før ho festa dei til borda med lim og stiftar.

- Annonse -

I dag var endeleg borda ferdige, og ho kunne køyra ut til Nøttveit på Lerøy Sjøtroll for å overlevera kunstveret. Dei to borda skal stå til pynt i ei sofagruppe. Dei vil og høva til å ta ein kaffikopp, seier Bjørg.

- Annonse -
- Annonse -

Fargane på skinna skal vera tilpassa fargane utanfor Lerøy-bygget, men det er laksen som er hovudsaka! slår allsidige Bjørg Strømme fast.

Bjørg Strømme har gjort kunst i fiskeskinn til sitt varemerke. Foto: Kjetil Rydland.

- Annonse -