Bjarthe Westerheim frå Stord IL Orientering fekk eit knallresultat på årets ultraløp Lysefjorden Inn. Foto: Lysefjorden Running
- Annonse -

Orienteringsløparen frå Stord kom på andreplass blant 350 deltakarar i det 62 kilometer lange ultraløpet i Rogaland.

Med heile 18 minuttar framføre tidlegare løyperekord, kom Bjarthe Westerheim i mål som nummer to i årets ultramaraton Lysefjorden Inn førre helg.

Orienteringsløparen frå Stord IL er strålande nøgd etter å tilbakelagt dei 62 kilometrane på seks timar, to minutt og 42 sekund – 12 minuttar bak førsteplassen.

– Eg er veldig nøgd med dette. Det var veldig fine tilhøve i år, og eg trur det at eg har erfaring både med maratonløp og at er teknisk god i orientering er ein viktig årsak til at eg gjorde eit så bra løp.

2500 høgdemeter

Den ekstreme konkurransen går langs heile Lysefjorden, frå Oanes kai og oppover bratte fjellsider i tøft terreng, til det endar i Lysebotn inst i fjorden. Til saman må ein tilbakeleggje 2500 høgdemeter.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg tek minst mogleg pausar, og eg er veldig nøye på dei taktiske detaljane. Heile løpet vert gjennomgått og eg planlegg mat og drikke slik at eg slepp å stoppe opp. Eg heiloptimaliserer alt, har konkurranseinstinktet i behald og minimerer alle tidstap.

Ikkje minst er det psykiske svært viktig i ein knalltøff ultramaraton. Av dei 356 deltakarane i årets løp var det berre 246 som fullførte løpet.

Førebur seg på smerten

– Litt kampar blei det jo. Du skal jo springe i seks timar. Men likevel klart eg å halde ein fart på 3 minutt og 40 sekund den siste kilometeren. Det handlar mykje om idrettspsykologi, der ein set seg små delmål. Ein må førebu seg i fleire veker på smerten som vil kome. Så for meg er det sjeldan det negative greier å få overtak.

Sjølv om han ikkje nådde heilt opp til førsteplassen, fekk Bjarthe Westerheim betre tid i Lysefjorden Inn enn nokon andre har gjort tidlegare. Foto: Lysefjorden Running

Westerheim forklarar at når ein spring så ekstreme lengder så er påkjenninga på kroppen stor. Det har avgrensa effekt å hive på med banan og sjokolade under løpet, for ein vil uansett gå på minus.

– Ein karbohydrat varar i halvannan til tre timar, så ved å løpe i seks timar må du over på fettforbrenning. Det er ikkje vits å ete uavgrensa, for kroppen greier berre å ta inn ei viss mengd kaloriar.

– Korleis smakte den første middagen etter at du kom i mål?

– Eg kan seie det sånn at ein har brent alt etter 6000 til 10.000 kaloriar i eit sånt løp, så ein merkar at ein er ekstra svolten dei neste fire-fem dagane.

Viktig å vere seig

- Annonse -

Ifølgje resultatlista er det berre éin av dei 25 som fekk best plassering i årets løp som under 30 år. Westherheim trur det er eit teikn på kor viktig det er å vere seig.

– Sjølv har eg alltid interessert meg for langdistanseløp sidan eg var ung, men eg ser jo at er eit viktig element at ein blir seigare med åra. Så er det kanskje sånn at ein i ungdommen prioriterer litt kortare løp, og så er det gjerne naturleg at når dei eldre mister litt fart så er det betre å konkurrere i seks timars løp enn ein time.

43-åringen jobbar som investor og gründer og pendlar mellom Stord og Sandnes. Allereie til hausten står nye utfordringar for tur.

– Eg skal vere med på NM i orientering i ultradistanse i august, og kanskje eit par andre ultraløp til hausten. Det blir kanskje NM i ultraløp også, men det kjem litt an på kor tett dei blir.

– Ein kan jo ikkje springe ein ultramaraton kvar veke heller, seier stordabuen.

Av andre deltakarar frå Stord frå årets løp finn me Stig Helge Westerheim på 36. plass, Bernt Vinsnesbakk på 42. plass og Roger Enes på 84. plass.

Sjå den spektakulære videoen frå Lysefjorden Inn:

Lysefjorden Inn 2017

Video fra Lysefjorden Inn Ultramaraton 2017Ønsker du å se filmen i 4K kvalitet, klikke her: https://vimeo.com/222103197

Posted by Lysefjorden Inn Ultramaraton on 18. juni 2017

 

- Annonse -