Bjarte Tjøstheim. Pressefoto
- Annonse -

Den populære komikeren, kjend frå blant anna Radioresepsjonen, går på scena på kulturhuset på Stord i mars.

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv – når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Det er spørsmålet og den raude tråden i teaterdebuten til Bjarte Tjøstheim, som hadde premiere på Det norske teatret i fjor haust.

No tek han med seg førestillinga rundt i norske byar, og 6. mars står Stord for tur.

Førestilinga er sagt å vere ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste.

– I soloframsyninga viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historiar frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklende gudstru er håpet at englar skal komma for å redda han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk, heiter det frå arrangøren.

- Annonse -

Framsyninga fekk terningkast 5 i VG.

- Annonse -