Ordførar Harry Herstad, foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det vil vere bisetjing av ordføraren i Stord kyrkje torsdag kl. 13.00.

Det er prost Svein Arne Theodorsen som skal stå for seremonien, skriv Sunnhordland.

– At det er ein bisetjingssermoni og ikkje ei vanleg gravferd, betyr at seremonien blir avslutta i kyrkja, seier prosten til Sunnhordland.

Bisetjing vert nytta om seremoniar der avdøde skal sendast til kremasjon, og at urne skal setjast ned seinare.

Kyrkjeverja på Stord opplyser til avisa at ho trur kyrkja vil bli full under seremonien.

- Annonse -