Slik ville innseglinga til Sagvåg ha blitt med det nye biogassanlegget. Skisse: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Me er overtydde om at etablering av biogassanlegget i Sagvåg er med å ta oss inn i ei ny tid, skriv leiaren i Stord Næringsråd.

Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd. Foto: Magne Langåker

Anne-Grete Sandtorv,
dagleg leiar i Stord Næringsråd

Stord Næringsråd er glad for og stolt over at me har næringslivsaktørar på øya som er villige til å investere i framtidige arbeidsplassar. At me har personar som ønskjer å bidra til næringsutvikling og verdiskaping.

Lokalt etablerte verksemder, med lokalt eigarskap, er svært viktig for eit samfunn.  Det gjer skatteinntekter til kommunen, utviklar mangfald av arbeidsplassar og fag, og sikrar både vidaregåande- og høgskuleutdanning. Og ikkje minst er det med å skape identitet og attraktive samfunn.

Me har god tradisjon på Stord for arbeidsplassutvikling, og me har tradisjon for høg sysselsetting og verdiskaping.  I tider kor industrien er i endring og mange jaktar nye marknader, er det derfor ekstra positivt at lokale investorar etablerer eit biogassanlegg på Stord.

- Annonse -

Anlegget som er planlagt i Grunnavågen har ein framtidsretta profil kor både forskingsmiljø og serviceanlegg skal byggjast opp i tillegg til sjølve fabrikken. Stord Næringsråd er overtydd om at denne etablering er med å ta oss inn i ei ny tid, med grunnlag bygd på kompetanse og kapital i den oljerelaterte industrien.

- Annonse -
- Annonse -

Biogassanlegg på Stord er ein del av omstillinga. Dette har me fått til før, og dette klarar me igjen!

 

- Annonse -