Parkeringshuset ved Amfi Stord. Foto: Multiconsult
- Annonse -

Politiet arresterte ein mann for ugjerninga.

Klokka 19.44 søndag kveld fekk politiet melding om at ein bil vart stelt utanfor Amfi-senteret i Leirvik sentrum.

Bileigaren opplyste til politiet at han ikkje fann att bilen sin, ein Renault Kangoo, då han skulle hente denne.

Det tok ikkje lang tid før politiet fekk melding om observasjon av bilen.

– Ti over halv ti fekk politiet melding om vinglete bilkøyring på Heiane, der dei lurte på om det var promillekøyring, fortel vaktleiar Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.

Politiet sette då i gang ein biljakt etter bilen, då den køyrde i retning Trekantsambandet og vidare mot Bømlo.

- Annonse -

– Han ville ikkje stanse då politiet fekk auge på han, og hadde tidvis høg hastigheit. Det blei då vurdert at køyringa var såpass farleg for andre vegfarande at det ble bestemt at bilen måtte stansa.

Politiet køyrde inn i den stelte bilen for å stanse føraren ved Svortland på Bømlo.

– Politiet gjorde ein såkalla forsettleg påkøyrng, i låg fart.

Biltjuven kan vente seg ein saftig reaksjon frå politiet.

– Ein mann i 40-åra frå Bømlo blei stansa og politield for brukstjuveri av bil, og for fleire brot på vegtrafikklova. Me mistenker at han køyra i ruspåverka tilstand.

- Annonse -