Slik ser dei for seg at Biltema-butikken på Heiane Vest bli sjåande ut.
- Annonse -

Fronta skal bygge heilt nye lokale til bilutstyrskjeda som blir over tre gonger større enn dagens butikk.

Kommunen har fått byggjesøknad for dei 3700 m² store planlagte lokala på Heiane Vest. Tomta Biltema ønskjer å etablera seg på ligg rett nord for miljøstasjonen for SIM, mot Sagvågsvegen.

Dei nye lokala vil gi bilutstyrskjeda nær tre gonger så mykje plass som i dag.

– God vekst

Administrerande direktør i Biltema Norge, Knut Svenningsen fortalde om planane til Sunnhordland i 2015.

– Me opplever veldig god vekst på Stord for tida. Butikken på Stord har knappe 1200m² i dag, og me planlegg å doble dette, sa Svenningsen til avisa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

No viser det seg altså at Bilkjeda ikkje berre doblar arealet til butikken, men tredoblar det.

132 parkeringsplassar

Det er søkt om etablering av 132 parkeringsplassar i samband med nybygget. Det er Fronta bygg som er ansvarleg søkjar for prosjektet.

Tomta er eigd av eigedomsselskapet Heiane Vest AS, der Fronta-direktør Kurt Arne Tyse og Leif Trygve Nilsen eig halvparten kvar.

Den nye Biltema-butikken vil etablere seg i feltet på kartet merka med gult, nord for miljøstasjonen til SIM.

- Annonse -