Bilforretninga var etablert i Podlen i Sagvåg. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Aasheim Bil, som holdt til i Podlen-bygget i Sagvåg, hadde ein samla gjeld på 300.000 kroner.

Føremålet til selskapet er «Agentur- og engroshandel med biler og lette motorvogner, unntatt motorsykler».

Selskapet har eksistert sidan 2012, men har hatt svært begrensa inntening i løpet åra det har vore i drift. I 2017 var Aasheim Bil registrert med 462.000 kroner i driftsinntekter, med eit resultat før skatt på -18.000 kroner.

Innehavar av selskapet er Jan-Inge Aasheim. Selskapet er ikkje registrert med nokre tilsette.

Selskapet har opplyst at dei skuldar 300.000 kroner, og har ein samla aktiva på om lag 20.000 kroner.

- Annonse -

Aasheim var også involvert i bilselskapet «Bare Brukt Bil Stord», som Stord24 skreiv om då dei etablerte seg i Podlen-bygget sommaren 2017. Også dette blei ein kortvarig affære. Bilverkstaden blei for mindre enn eit år sidan stengt ned på dagen etter ein felles aksjon i regi av politiet og Statens Vegvesen.

- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -