Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ulukka skjedde like ved Bårvågsvatnet og sjåføren av bilen er frakta til Haukeland sjukehus i luftambulanse.

Det var klokka 08:25 onsdag morgon at politiet fekk melding om ulukka.

– Ein bil har køyrd ut av vegen i ein kurve, opplyser oppdragsleiar Helen Rygg Ims ved politiet sin operasjonssentral.

– I starten vart det sagt at personen var medvitslaus, men då me kom til staden var han ved medvit.

Veit ikkje kva som har skjedd

Sjåføren av bilen er ein mann i 20-åra. Det var ikkje passasjerar i bilen og ingen andre var involvert i hendinga. Ulukka førte til at E39 vart stengt i begge retningar, men vegen opna igjen like før klokka 10:00.

Det er 80-sone på strekninga der utforkøyringa fann stad, og politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulukka.

- Annonse -

– Me spurte tidleg om det kunne vere glatt, men det var det ikkje. Me veit førebels ikkje kva som har skjedd, seier Ims.

Politiet gjer undersøkingar på staden

Oppdragsleiaren kan ikkje uttale seg om tilstanden til sjåføren, men seier at ulukka framstår alvorleg.

– Når ein tenkjer på at det er 80 km/t på staden er ein redd for hastigheitskonsekvensen, for kva skadar som kan oppstå. For oss framstår det som ei alvorleg ulukke, seier Ims, som per no ikkje kan sei noko om dei materielle skadane.

I 10:10-tida er politiet framleis på staden og gjer krimtekniske undersøkingar.

– Det har ikkje blitt sagt at det er nokre vitne til ulukka.