Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i slutten av 40-åra blir politimeldt for promillekøyring.

Det var måndag kveld i 18.40-tida at bilføraren blei stansa av politiet i Kjøtteinsvegen, like ved Rema 1000-butikken på Bjelland.

Politiet hadde på førehand fått tips om at vedkomande køyrde med høg promille.

– Han blei stansa som eit følgje av tips. Tipset var basert på måten han kom ut av bilen på. Han sjangla rett og slett, fortel operasjonsleiar Nikolai Austrheim i Sørvest politidistrikt.

Mannen vart frakta til legevakta for framstilling av blodprøve, og han mista førarkortet på staden.

– Me har teke blodprøve og så får det vise resultatet.

- Annonse -

Politiet har ikkje kjennskap til i kva kommunen mannen er heimehøyrande.

- Annonse -