Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det oppsto brann i ein bil i Sagvågsvegen ved Heiane Vest måndag kveld.

Føraren, ein lokal mann i 20-åra, kom uskadd frå brannen, melder politiet. Dei fekk melding om brannen i 20.50-tida måndag kveld.

– Trafikken sto stille i begge retningar etter bilbrannen, men no har dei nett opna vegen igjen, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt til Stord24 i 21.20-tida.

Alle naudetatane rykte til staden etter at meldinga kom. Brannvesenet kom raskt til staden og slukka brannen ved hjelp av skumlegging.

– Me fekk rimeleg tidleg kontroll på brannen. Det var ikkje full fyr då me kom til staden, og det begynte å ta seg opp akkurat då me kom med den første bilen. Me fekk sløkt det rimeleg kjapt, og lagt eit skumlokk på bilen, seier Jan Tore Brückner i Stord brann og redning.

Han fortel at sjåføren kom frå episoden utan skader.

- Annonse -

– Han kom heilt uskadd frå deg, så dette var udramatisk.

- Annonse -