Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Politiet meldte om store trafikale utfordringar.

Klokka 15.18 søndag ettermiddag kom det inn melding om brann i eit køyretøy i Bømlafjordtunnelen.

Brannen skal ha oppstått ca. 1 kilometer inn frå Sveio-sida.

– Naudetatane var raskt på staden. Klokka 15.34 var brannen i motorrommet i køyretøyet sløkt, melder Sørvest politidistrikt.

Brannmannskap både frå Stord og Bømlo rykka ut til brannen.

Det er ikkje meldt om personskade i tilknytning til brannen. Det skal ha vore ein personbil med campingvogn som brann.

- Annonse -

Like før klokka 16 melder politiet at det framleis er store trafikale utfordringar som følgje av brannen.

Tunnelen opna att for trafikk i 16.30-tida.