Ein bil tok fyr og vart utbrent etter møtet med hjorten på E39 måndag morgon. Foto: Fitjar brann og redning
- Annonse -

To køyretøy måtte tauast vekk etter påkøyrsel av hjort like sør for Sandvikvåg.

– Éin bil har køyrt éin veg og treft ein hjort som så vart slengt i motgåande køyrefelt der han trefte ein annan bil. I samband med dette har det oppstått brann i det eine køyretøyet. Denne brannen er sløkt no og begge bilane må tauast.

Det seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt, Jøran Solheim, til Stord24 like før klokka 07:00.

Ingen personskade

Ulukka vart meldt av Politiet i Sør-Vest på Twitter klokka 06:33 måndag morgon. Politiet fekk melding om hendinga klokka 06:22.

E39 vart stengt i begge retningar, like sør for Sandvikvåg ferjekai.

Har oppretta sak

Ikkje før klokka 08:17 vart det meldt av politiet på Twitter at bilbergar er på staden og at trafikken blir dirigert forbi.

- Annonse -

Ein halv time seinare blir det opplyst at vegen er rydda og at politiet har oppretta sak.

– Det er oppretta sak grunna brannen i køyretøyet. Det blir alltid oppretta sak når det har vore brann. Det er rein rutine, informerer operasjonsleiaren.

- Annonse -
Forrige artikkelForsøkte å stela ein bil rett framføre augene til eigaren
Neste artikkelSlik vil dei realisera Stord Klatresenter på Nysæter
Journalist – cassandra@stord24.no