Webcamera: Statens Vegvesen
- Annonse -

Det skal vera snakk mindre personskadar.

Klokka 14.20 meldte Sørvest politidistrikt om at det hadde skjedd eit trafikkuhell på E39 på Stordabrua.

– Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå der tre personar er involvert, opplyser operasjonsleiar Helene Strand i politiet.

Politi og ambulanse er rykka ut til staden. Dei første meldingane går ut på at det er snakk om mindre personskadar.

Ulukka skjedde rett nord Stordabrua på Digernes-sida. Ein politipatrulje kom tilfeldig over ulukka ved brua.

Bilberging er på veg, i mellomtida er det manuell dirigering på staden. Politiet melder om kø.

- Annonse -

Saka vert oppdatert.