Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.40. Sterk vind skal vere medverkande årsak.

Føraren opplyste til politiet at han mista kontrollen som følgje av sterk vind. Ingen vart skada i uhellet.

– Meldinga gjekk ut på at bil og hengar blokkerte begge køyrefelta. Politiet var på staden klokka 12.52 og brua vart stengt. Bilbergar har drege bil og hengar over til nordgåande felt og det er manuell dirigering, fortel Jøran Solheim ved Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral.

– Vind er meldt som årsak til ulukka. Den er målt til 20 meter i sekundet på brua.

Medan han er på telefon med Stord24 opplysar han at brua no er opna.

Politiet opprettar sak.

- Annonse -