Ingen vart skadd då ein bil køyrde av av vegen ved Langavatnet i Fitjar natt til laurdag.
Det var like etter midnatt at politiet melde frå om trafikkulukka i Fitjarvegen.
Alle naudetatane drog då ut til staden.
– Det var berre ein førar i bilen som køyrte ut av vegen. Føraren framstår som uskadd, men blei sjekka av ambulanse på staden, meldte politiet på Twitter.
Vegen vart sperra etter hendinga, men det tok ikkje lang tid før bilen vart henta av bilberging, og vegen opna att for trafikk.
Politiet melder at det var lite trafikk på vegen då ulukka skjedde.
Var kun fører i bilen som kjørte ut. Fører framstår som uskadd men blir sjekket av ambulansen som er på stedet. Veien er sperret på stedet. Bilen blir snart flyttet slik at veien kan åpnes. Det er lite trafikk på stedet. https://t.co/aOnFTMzsSH
— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) March 2, 2019