Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ingen vart skadd då ein bil med fem passasjerar køyrde ut av vegen laurdag kveld.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet klokka 21.30 laurdag kveld. Uhellet skjedde på fylkesveg 61 ved Nedre Økland, mellom Haga og Rommetveit.

Alle dei fem skal ha kome seg ut av bilen utan personskader, i følgje politiet.

– Det var bilføraren som tok kontakt og melde frå om ulukka. Det var sagt at det var låg hastigheit. Ingen airbaggar vart utløyst som følgje av trafikkuhellet, opplyser operasjonsleiar Steinar Knutsen i Sørvest politidistrikt.

Førebels har ikkje politiet opplysningar om årsaka til trafikkuhellet.

– Bilføraren har sjølv bestilt bilberging. Me har ein patrulje der no og undersøkjer.

- Annonse -

- Annonse -