Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Ein bil med tre personar køyrde inn i eit tre ved Husnes seint fredag kveld.

Det var klokka 23.42 at politiet fekk melding om ulukka, som skjedde i Onarheimslio ved fylkesveg 500 i Kvinnherad.

Luftambulanse vart sendt til staden umiddelbart etter ulukka.

– Ein av dei tre personane i bilen blir henta av luftambulansen, meldte Vest politidistrikt på Twitter klokka 00.15.

Skadeomfanget til personen henta i luftambulanse er ukjent. Ein av dei andre har mogleg brot i ei hand, opplyser politiet. Den tredje skal vera uskadd.

– Alle tre er opplyst å vera i sjokk etter hendinga, skriv politiet.

- Annonse -

Vegen vart stengt i lengre tid etter ulukka.