Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet etterlyser tips frå folk som kan ha observert bilen.

I 10-tida måndag køyrde ein liten brun bil inn i ein varetaxi i Meatjønnsvegen på Heiane.

– Det er ingen personskader, men det er forholdsvis store skader på den nevnte brune bilen, opplyser politiet.

Trass i dei store materielle skadene opplyser politiet at føraren av den brune bilen stakk frå staden utan å gi seg til kjenne.

Politiet ber om tips frå nokon som kan ha observert den brune bilen. Har du tips kan du ringe 02800.

- Annonse -