Illustrasjonsfoto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

– Førar står fram som uskadd eller lettare skadd, melder politiet.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka åtte tysdag morgon.

– Melding om einsleg køyretøy som har køyrt av vegen og inn i ein fjellvegg. Airbagger er utløyst, men førar står fram som uskadd eller lettare skadd, skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.

Ulukka har skjedd i ei 80-sone på Bremnesvegen ved Håvik. Trafikken skal ifølgje politiet, som driv manuell dirigering, flyte greitt på staden.

Skal ha fått sladd

Operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral Victor Femme-Jensen seier til Stord24 at føraren, ei kvinne i slutten av 20-åra, var aleine i bilen.

– Det er litt uklart kva som har skjedd. Ho har sjølv forklart at ho fekk sladd på bilen, køyrde av vegen og inn i ein fjellknaus. Airbaggene var jo utløyst, men ho står fram som uskadd, eventuelt lettare skadd, i alle fall i stand til å gi forklaring til politiet på staden, stadfester Femme-Jensen klokka 08:40.

- Annonse -

Ventar på bilbergar

Femme-Jensen opplyser at det er noko trafikkale utfordringar på staden, men at trafikken framleis flyt.

– Bilbergar er bestilt og dei er på staden om lag klokka 09:00. Så noko tid etter det vil det vere rydda og opna her, seier operasjonsleiaren.

– Førar seier at ho fekk sladd på bilen, kva kan du seie om vegforholda?

– Det er litt uklart. Eg har ikkje fått melding om at det skal vere glatt, men me kan ikkje utelukke at det er det, svarar Femme-Jensen.

Saka blir oppdatert.

- Annonse -
Forrige artikkelSeier nei til å vera med på spleiselag
Neste artikkelAttraktive kontorlokale midt i Leirvik sentrum
Journalist – cassandra@stord24.no