Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Skal ha starta å brenne under køyring.

Like før klokka 22 meldte Sørvest politidistrikt om ein bilbrann på Litlabøvegen.

– Bilen har full overtenning. Det er mykje svart røyk, skreiv politiet like etter.

Sjåføren til bilen blei avhøyrt av politiet på staden. Han forklarte at det byrja å brenne i bilen under køyring.

– Årsaka er uviss, opplyser politiet.

Det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg, då det ikkje er nokon hus i umiddelbar nærleik. Brannen oppsto like ved deponiet langs Litlabøvegen.

- Annonse -

Trafikken er førebels stengt i begge retningar. Omkøyring via Heiane.

Klokka 22.45 melder politiet at brannen er sløkt.