Ulukka skjedde like nord for Jektevik.
- Annonse -

Ei kvinne i 30-åra vart sendt med ambulanse til legevakta etter at ho køyrde i fjellveggen.

Klokka 19.14 søndag kveld køyrde ei kvinne i fjellveggen like nord for Jektevik.

Politiet melder at kvinna var «oppegåande» etter ulukka, og blei køyrd til legevakta med ambulanse. Kvinna var den einaste i bilen.

Ulukka førte til at vegen vart stengt i to timar, med manuell dirigering av politiet. Dette skal ha ført til store køar i begge køyreretningar.

Politiet opplyser at det skal ha vore glatt vegbane i område då ulukka skjedde.

- Annonse -