Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein mann i 20-åra er politimeldt og har fått førarkortet beslaglagt.

Klokka 13.40 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E39 i nærleiken av Sandvikvåg.

– Ein bil skal ha køyrt i ein fjellvegg. Bilen skal ha store materielle skader, men dei involverte seier seg uskadd, skriv Sørvest politi på Twitter.

Trafikken går forbi ulukkesstaden i eitt felt.

Klokka 14:16 melder politiet at dei er framme på staden.

– Det er to køyretøy involvert. Det er ikkje meldt om personskadar førebels. Begge køyretøya treng tauing. Trafikken blir dirigert forbi staden.

- Annonse -

Politiet melder at det var tre personar involvert i ulukka. Ein av desse er køyrt til sjukehuset for sjekk. Politiet arbeidar no med å ta imot forklaring frå dei involverte.

Ein mann i 20-åra blir politimeldt etter ulukka, og politiet har teke beslag i førarkortet hans.

– Det står fram som om det har gått greitt med dei involverte, sjølv om det er store materielle skadar, seier operasjonsleiar Dag Steinkopf til Stord24.

Han har for augeblikket ingen informasjon om kva som kan vere årsaka til ulukka.

  • Har du bilete frå ulukkesstaden? Send til redaksjonen@stord24.no eller via Facebook.

- Annonse -
Forrige artikkelVarslar avgiftssmell for dei med utleigebustadar på Stord
Neste artikkelStordabu vil bli rektor i Kvinnherad
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no