Foto: Midtsiden
- Annonse -

Det er glatte vegar i distriktet og torsdag morgen gjekk det galt for ein sjåfør på Bømlo.

Ein bil hamna på taket og sperra køyrefeltet etter at føraren mista kontrollen på det glatte føret. Politiet fekk melding om hendinga klokka 06:49 torsdag morgon.

– Ifølgje forklaringa frå sjåføren, har han kome i relativt lav fart rundt ein sving. Der var det veldig glatt, han forsøkte å bremse og køyrde i fjellveggen. Bilen spratt ut igjen og hamna på taket, fortel Nikolai Austrheim, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde på Giljevegen ved Sætre på Bømlo, og føraren var ein mann i 30-åra. Han vart sjekka av ambulanse og kom uskadd frå hendinga.

Operasjonsleiaren kan ikkje sei noko om dei materielle skadane, men opplysar at bilen er berga og vegen rydda.

– Køyr forsiktig. Det har vore glatt på sidevegane rundt om. Ein må kjenne på det sjølv, og køyre etter forholda, er oppmodinga frå Austrheim.

- Annonse -