Foto: Kjetil Rydland, Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ingen av dei to som sat i bilen skal vere skadd etter trafikkulukka ved Rimbareidvegen i Fitjar måndag ettermiddag.

Klokka 16.55 fekk naudetatane melding om at ein bil hamna på taket, etter å ha køyrt ut av vegen i Fitjar.

– Det er ein bil som har køyrt ut av vegen. Det er uklart kvifor, men bilen har køyrt inn i ein steinrøys og fått sleng på bilen, og så hamna på taket, fortel operasjonsleiar Victor Jensen i Sørvest politidistrikt.

Han fortel at det er store materielle skader på bilen, men bilføraren og den eine passasjeren skal ha gått fri for personskadar etter ulukka.

– Ambulansen har tilsett dei to personane som var involvert i ulukka. Det er truleg ingen personskader av betydning. Så vidt eg kan sjå er dei ikkje tekne med vidare av ambulansen.

Føraren av bilen er ei ung kvinne på rundt 20 år.

- Annonse -
- Annonse -

Ulukka skjedde langs Rimbareidvegen i Fitjar, like nord for krysset til Gamle Vestbøstadvegen.

- Annonse -

– Det er 50 kilometer i timen på strekninga, men me har ingen meldinger om kva fart dei skal ha hatt, seier operasjonsleiaren.

Det var ingen andre bilar involvert i ulukka, og det oppsto ikkje særlege trafikale problem på staden.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -