Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Varmgang i bremser førte til at ein bil mista hjulet og byrja å brenne.

Søndag ettermiddag like etter klokka 15, fekk naudetatane melding om hendinga i Bømlafjordtunnelen.

– Me fekk melding om ein bil som hadde mista eit dekk og at det var brann i bilen, opplyser Sørvest politidistrikt.

Brannen blei raskt sløkka med eit pulverapparat, og tunnelen blei berre stengt i ein kortare periode.

– Bakgrunnen er varmgang i bremser, konkluderer politiet.

Det er ikkje meldt om personskade i samband med hendinga. Bilen blei henta ut av tunnelen av bergingsmannskap rundt tre kvarter etter at brannen oppsto.

- Annonse -