Bibliotekarane Kristine Thorkildsen og Camilla Ruhs byr jamnleg på bolle og høgtlesing for dei minste på biblioteket. Foto: Stord folkebibliotek
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

LESARINNLEGG: – Vårt bibliotek har ein liten, men effektiv og rutinert stab. Vi gjer vårt beste for å drive biblioteket med dei ressursar vi har, skriv biblioteksjefen på Stord.

Av: Bjørnar Withbro,
biblioteksjef på Stord folkebibliotek

Stord24 hadde tysdag 20. november eit oppslag basert på tal frå Telemarksforskning. Statistikken bygger bl.a. på besøk, utlån og  besøk ved arrangement, men bare i avgrensa  grad på økonomiske måltal.

På grunnlag av dette kjem Stord24 med ein karakteristikk  av Stord folkebibliotek. Eg skal ikkje trøytte lesarane med nokon detaljert statistikkdiskusjon, men vil peike på:

Med omsyn til besøk, kan folkebiblioteka registrere desse gjennom stikkprøveundersøkingar, eller ved teljar i inngangsdøra. Sjølv om besøk er ein god indikator på den totale bruken av biblioteket, vert det vanskeleg å samanlikne kommunane her. Utlån er m.a. avhengig av talet på bibliotekavdelingar, opningstid med betent utlån, tilbodet og mengden av nye media m.v. Også her er det stor variasjon mellom kommunane som vanskeleggjer ei rettvis samanlikning.

- Annonse -

Stord folkebibliotek satsa i 2017 mykje på ulike arrangement, noko som er ei ny og lovfesta oppgåve for  folkebiblioteka. Vi hadde ca. 60 arrangement i 2017 , av dette 25 for skular og barnehagar. I alt var det eit publikum på ca. 2600 på aller arrangementa våre.

- Annonse -
- Annonse -

2017 vart også nytta til klårgjering av biblioteket for meirope bibliotek  frå 2018 av. Dette vil vonaleg bidra til auka utlån og  besøk ved at biblioteket er gjort tilgjengeleg i stor grad også utanom den betente opningstida. I 2018 er det elles investert i å byggje om areal som kan nyttast til arrangement. Dette arealet skal etter kvart også klårgjerast som ungdomsseksjon.

Vårt bibliotek har ein liten, men effektiv og rutinert stab. Vi gjer vårt beste for å drive biblioteket med dei ressursar vi har. Som biblioteksjef får eg mange positive  attendemeldingar på arbeidet personalet gjer. Vonaleg kjem vi og på sikt høgare på nasjonale rankinglister med tiltak som er iverksett og planleggjast. Men kvalitet og innhald i folkebibliotektenester er det i alle høve vanskeleg å vurdere berre ut frå statistikk.

- Annonse -