Anna Sofie Ekeland Valvatne. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Lesarbrev: Gårsdagen var so full av kjærleik og solidaritet at eg måtte ta til tårene opp til fleire gongar.

Av: Anna Sofia Ekeland Valvatne,
Leiar av Storapride

Gode Sunnhordland ❤️ Gårsdagen var so full av kjærleik og solidaritet at eg måtte ta til tårene opp til fleire gongar, og har ikkje klart å setja meg ned for å skriva noko før i dag.

Eg er ein stolt stordabu kvar einaste dag, men denne helga er eg nok endå litt meir stolt enn det eg er til vanleg.

Det betyr so enromt mykje for meg, og alle dei andre som er med å skipa til pride kringom landet, at folk møter opp. At de møter opp. Den solidariteten og kjærleiken de viste i Storapride-paraden i går er so utruleg viktig.

Ikkje berre får me større slagkraft av å vera fleire, men me som kjempar kvar einaste dag for å kunne vera oss sjølv kjenner at kampen vert noko lettare når me veit at heile Sunnhordland står og backar oss.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tusen, tusen takk! Takk for at de møter opp i paraden til tross for at nokon betalar fleire titals tusen for å prøva å få dykk til å la vera. Tusen takk for at de stør bodskapen vår om eit Sunnhordland for alle.

Og tusen, tusen takk for at de kjempar i lag med oss, slik at me slepp å gjera det åleina.

Denne teksten vart først publisert på Valvatne sin Facebook-profil, og er attgjeven etter avtale.

- Annonse -