Ingenting å seie på størrelsen på denne bustaden, som låg ute for sal til 6,8 millionar kroner. Foto: DNB Eigedom
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kjøpararane av villaen på Tyse har forplikta seg til 800 timars dugnadsarbeid på Stord hestesportsenter.

I mai selde Stord hestesportsenter den tidlegare luksuvillaen til Kurt Arne Tyse for seks millionar kroner.

I dag skriv Dagens Næringsliv at det følgde med ein noko spesiell klausul rundt salet. Kjøparane av den 369 kvadratmeter store bustaden har nemleg forplikta seg til å utføre 800 timars dugnadsarbeid på ridesenteret like ved.

– Eg har aldri opplevd dette tidlegare. Bodet innehaldt eit heilt unikt atterhald, seier eigedomsmeklar Øystein Wiland Nesse til avisa.

Styremedlem i Stord Hestesportsenter, Eirill Hatlevik, seier til Dagens Næringsliv at har stort behov for arbeidskraft på ridesenteret, og at dette difor var utslagsgivande for boda som kom inn.

– Forskjellane på boda som kom inn var veldig små, og me verdset arbeidskraft på senteret fordi me treng det. Me har skrive arbeidskontrakt med kjøpar, så dette vert gjort skattemesig rett, seier Hatlevik.

- Annonse -

Dei har gjort ei vurdering på at éin dugnadstime tilsvarar 400 kroner i verd.

Meklar Nesse fortalde til Stord24 i vår om rekordstor interesse for bustaden.

– Eg trur me har passert 30.000 klikk på annonsa. Det er det meste eg har opplevd nokon gong som meklar. Det er jo ein sjeldan eigedom, så det er mange som har vore nysgjerrige.

Det var Fronta-sjef Kurt Arne Tyse som bygde huset i 1997. Sidan har det vore ein eigar etter han, som sidan selte eigedomen til Stord Hestesportsenter.

Bakgrunnen for villaen var i Stord Hestesportsenter sitt eige har samanheng med utmarka rundt. Hestesportsenteret sikra seg den tomten i Tysemarkjo til 14 millionar kroner, men var ikkje ikkje interessert i den herskapelege villaen. Etter fleire politiske handsamingar fekk dei godkjent å skilje ut ein mindre tomt rundt huset.

- Annonse -