Illustrasjon: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei undersøking BA har gjort i Bergen syner at berre 9,4 prosent prioriterer Hordfast som det viktigaste samferdselsprosjektet dei neste åra.

Heile 7 av 10 bergensarar meiner ny veg mellom Voss og Bergen er det viktigaste samferdselsprosjektet dei neste åra. Sjølv ny tunnell mellom Åsane og Nordhordland meiner bergensarane er viktigare enn brukryssing mellom Os og Stord, som er rangert viktigast hos berre 9,4 prosent av dei spurte.

Dette kjem fram i ei undersøking gjennomført av avisa BA.

NHO-direktøren i Hordaland, Tom Knudsen, seier til avisa at han forklarar tala med at E16 har hatt mest mediemerksemd i det siste, og seier samtidig at han ikkje er framand til å lytte til folket og prioritere byggestart på E16.

- Annonse -

– Det er vel litt i tidsanden. Fokuset har vore på E16 i det siste. Me meiner at dersom E16-planane er ferdige før Hordfast, så er det ingenting i vegen for å starte på E16 først, seier Knudsen.

På nasjonal transportplan ligg både Hordfast og ny E16 til Voss inne, men ingen av prosjekta har oppstart før tidlegast i 2024. Det har skapt frustrasjon blant mange pådrivarar for ny E16, som meiner byggjestarten burde framskundast.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -