Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Skal Bergen fortsatt være nest største by i Norge, må omlandet takast på alvor. Då er realiseringa av Hordfast avgjerande.

Av: Sigbjørn Framnes,
2. kandidat, Vestland FrP

Ser av meiningsmålingar at bergensarane er opptatt av bompengar, det er bra. For meg som er født i Bergen og har gått der på fagskule blir Bergen også min by. Slik er det også for dei fleste sunnhordlendingar.

Så skjer det ting som utfordrar dette: Stadig fleire statlege oppgåver blir flytta, og Sunnhordland blir knytt opp mot Rogaland. Rogfast er starta opp, noko som gir kortare reisetid til Stavanger enn til Bergen utan Hordfast!

Ved fordeling av oppgåver i Det nye Vestland fylke,  har ein heller ikkje hatt særleg merksemd på sørfylket.

Noko har skjedd. Fleire politikarar både i fylket og i Bergen ser ikkje lenger ut til å ha fokus på reisetid for oss sunnhordlendingar mot ”vår by”. Mellom anna går Folkeaksjonen Nei til Bompengar i mot heile Hordfast-prosjektet. Det same gjer SV og MDG, og i det siste har einskildpolitikarar i AP skapt usikkerhet om kor AP står i høve prosjektet.

- Annonse -

Skal Bergen fortsatt være nest største by i Norge, må omlandet tas på alvor. Derfor appellerer eg til bergensarane: – hjelp oss til fortsatt å ha Bergen som vår næraste storby på Vestlandet. Hordfast er avgjerande for at dette skal bli ein realitet.

Skal det nye fylket korte ned reiseavstandar frå sør til nord må ferjefri E39 prioriterast. Hordfast er det vegprosjektet i Nasjonal Transportplan med størst samfunnsnytte, og det gjev høve for gode og miljøvennleg kollektivtilbod inn mot Bergen. Vi vil også få ein større arbeidsmarknad, som sikrar fortsatt utvikling av verdsleiande næringar i Sunnhordland og Bergen. Vi treng ikkje vedtak som gir lengre reisetid på ferjene!

Støtt derfor opp om parti som er mot bompengar og samtidig ynskjer å styrke Bergen som byen for Sunnhordlendingar. Stem derfor Fremskrittspartiet både i kommune- og fylkestingsvalet 9. september!

- Annonse -