Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Stord Lufthamn har ein stor betydning for eit konkurransedyktig næringsliv.

Av: Anne-Grete Sandtorv,
Leiar i Stord Næringsråd

Stord Lufthavn har gjennom meir enn 30 år vore viktig infrastruktur for at næringslivet, og spesielt industrien på Stord skal vera konkurransedyktig.

Det er derfor uforståeleg for oss at Osloruta, som den einaste attverande strekninga på vestlandet, ikkje skal innlemmast i FOT-ruteordninga.

Industrien i regionen er i ei rivande utvikling, med høg aktivitet i både eksisterande og nye grøne marknader.  Å ha korte avstandar til hovudstaden, og vidare ut i verda, vert særs viktig dei neste åra.

Me ber derfor innstendig om at flyruta Stord-Oslo vert innlemma i staten sine FOT-ruter.

- Annonse -