Linda Grundtvig i Framstegspartiet.. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Linda Grundtvig, som leiar prosjektet som skal førelså kommunal hundepark i Stord kommune, strekkjer ut ei hand til grunneigarane.

– Gruppa i Stord hundepark har no hatt to møter. Problemet er berre å finne ein eigna stad eller eit areal som kan passe, seier Grundtvig.

Ho har fått prosjektansvaret for å greie ut etableringa av ein ny hundepark på Stord. Bakgrunnen er at kommunestyret nyleg vedtok innstramming i reglane rundt bandtvang i Stord kommune. Vedtaket hausta stor protest frå hundemiljøet på Stord, som peikar på at ein no manglar ein reell boltreplass for hundar.

Ho fortel at gruppa har peikt ut nokre større område som dei ønskjer å sjå nærmare på: Sagvåg/Litlabø, Rommetveit og Heiane. No ber Grundtvig om hjelp for å finne eigna areal.

– Me lurer på om det kan finnast nokon der ute som sit med eit areal som kan vere eigna til dette føremålet, til dømes gardseigarar som vil frigi litt område som kanksje ikkje vert brukt.

Ho fortel at hundeparken treng minst to mål, og at arealet bør ligge i god avstand frå bebyggelse.

- Annonse -

Parallelt med dette jobbar gruppa med eit reglement som brukarane av hundeparken må forhalde seg til.

– Me reknar med å få til ein bra hundepark der hundar kan få leike fritt med andre under bandtvangsperioden. Me ser for oss å registrere Stord hundepark som eigen organisasjon, slik at me til dømes kan søkje støtte til inngjerding og andre ting.

– Elles reknar me med at frivillige og kanskje næringslivet vil tre støttande til med dette føremålet. Det hadde me blitt veldig glade for.

- Annonse -