Tore Blokhus. Foto: Raudt
- Annonse -

Debatt: Sigbjørn Framnes bør halde seg til sak og ikkje person.

Av: Tore Roth Blokhus,
Kommunestyrerepresentant, Raudt

Gruppeleiaren til FRP, Sigbjørn Framnes, er krass i sine karakteristikkar av Bente Bjelland som nyleg meldte seg ut av AP. Ho forstår seg ikkje på politikk, svik veljarane og om ho hadde spela fotball hadde ho vore furten.

Utmeldingane ynskjer eg ikkje å meina noko om, og eg trur eventuelle interne utfordringar bør løysast hjå AP sjølv. Eg oppfattar heller ikkje at dette er Framnes sin intensjon når han går offentleg ut mot Bjelland.

Det verker som han ynskjer å gje eit forsvar for FRP sitt arbeid for dei sårbare gruppene i samfunnet, og tykkjer lite om at FRP vert satt i samanheng med Bjelland si oppleving av å gå på akkord med seg sjølv i fleire saker.

Det er det naturleg at han ynskjer, og det bør han klara utan å gå på person. Han kan t.d løfta fram korleis hans parti vil arbeida og korleis dei har røysta. Her høver ein anna fotballmetafor: «Ta ball, ikkje mann».

- Annonse -

I denne saka tykkjer eg Bente Bjelland har gjeve ei sakleg grunngjeving for sitt val. Så lyt det vera opp til den einskilde å vera einig eller ueinig.

Mi oppmoding vert at det vidare ordskiftet held seg til sak og ikkje person. Den einskilde har eit ansvar for det programmet hen er valgt inn på, og lyt med utgangspunkt i det arbeida for saker hen har tru på. Det ansvaret signaliserer Bente Bjelland i si grunngjeving at ho vil ta, og då lyt me ha tillit til det. Noko anna tener ingen på.