Byen held fram med å vekse.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sameiget Leirvik Brygge har fått nok av støy og forureining frå båtar ved Nattrutekaien og etterlyser tiltak frå kommunen.

Sameiget i Leirvik brygge ved styreleiar Stein Erik Grov har sendt eit langt brev til Stord kommune der dei utrykkjer stor frustrasjon over støy og forureining frå båtar ved Nattrutekaien, og over manglande tiltak frå kommunen.

Dei meiner problemet berre har blitt verre og verre dei seinare åra, og at det no går ut over helsa til bebuarane.

– Mange blir sjenerte og plaga av støy og dur som i alvorleg grad påverkar søvn og søvnrytmen. Det er ikkje råd å bruke eigen terrasse. Ein må lukk vindauga, og tidvis flytte frå soverom til anna rom. Det har også hendt at ein har måtta flytte bort frå heimen for å få ro og sovn.

Kan ikkje sitje ute

Sameiget opplyser også at forureininga frå båtane skapar mykje sjenanse for bebuarane.

- Annonse -
- Annonse -

– Mange blir sjenert av eksos- og diesellukt frå hjelpemotorane til båtar. Det inneber at ein ikkje kan sitja ute, men må lukka vindaugo og ventilar. Likevel kan ein oppleva sjenerande og vond lukt i bustaden, skriv dei i brevet.

Sameiget opplyser at dei har gjort ei spørjeundersøking blant bebuarane for å høyre kva slags konsekvensar støyen og forureininga har for dei.

– Fleire fortalde om konkrete helseplager og problem knytt til støy og røyk/eksos. Dei varier frå milde til alvorlege. Dei stiller spørsmål ved langtidsverknadene. Det er ille at bebuarar ikkje kan ta i bruk eigen bustad fullt ut, men må rømme deler av den. 

– Kommunen bryt lova

Dei viser til at båttrafikken berre har auka i løpet av dei 14 åra etter at bustadkomplekset vart bygd, og at det er heilt andre type båtar som no legg til kai.

– Båttrafikken har endra seg radikalt, og Nattrutekaien blir ikkje lenger brukt til ordinær nyttetrafikk, men har fått heilt andre og nye bruksmåtar. Nattrutekaien er dessutan i røynda blitt eit industriområde der det blir gjort vedlikehaldsarbeid med røyr og skrog og diverse reperasjonar. Dette kan skje til seint på kveld og natt.

Sameiget er oppgitt over at kommunen ikkje har svart på brev dei sendte i fjor haust, og meiner Stord kommune bryt forvaltningslova ved å ikkje tek tak i problemet.

- Annonse -

Manglande landstraum

Ein av årsakene til støyproblema som sameiget peiker på er at det berre er 50 Hz spenning ved landstraumanlegget, men at dei fleste større båtar treng 60 Hz. Difor må båtane bruke sine eigne straumaggregat.

– I følgje hamnekontoret er det ikkje aktuelt å installere landstraum på Nattrutekaien med sterk nok spenning. Sameiget stiller seg undrande til dette.

Sameiget stiller spørsmål ved kvifor Stord kommune ikkje har søkt om støtte frå eit betre landstraumanlegg frå ENOVA, slik Halsnøy nyleg fekk tilsegn om.

– Med eit samarbeid mellom Stord kommune, Stord hamnevesen, ENOVA og interesserte private aktorar ville det vonleg lata seg gjera å få på plass naudsynt straumkjelde for nemnde ulike båtar.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

Ingen kommentar

Rådmannen i Stord kommune, Magnus Mjør, ønskjer førebels ikkje å kommentere brevet.

– Dette er ein problematikk eg er kjent med. Men eg har ikkje lese dette brevet og eg ønskjer difor ikkje å kommentere det. Me skal sjå på dette snarast, seier Mjør.

Nestleiar ved Hamnekontoret, Marianne Kolstø, er ikkje kjend med kvifor det ikkje er søkt om landstraumanlegg ved Nattrutekaien, og viser tilbake til rådmannen.

– Det er ikkje noko me har diskutert i seinare tid. Me prøvar jo å leggje til rette, men det er jo ein offentleg kai. Me må jo nesten ta i mot dei båtane som spør om kaiplass. Saka er vel eigentleg løfta over oss, så dette må rådmannen svare på.

- Annonse -