Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Båtføraren er vaken og ved medvit.

I 21.45-tida søndag kveld melder Vest politidistrikt om ei hending der ein båt har køyrd på land på Tysnes.

– Naudetatane er på staden. Kontroll på båtførar som er vaken og ved medvit, twitra politiet.

Stor redningsaksjon

Hovudredningssentralen melder at både redningshelikopter og Kystvakta deltok i aksjonen.

– Ein person er funnen om bord, og vil bli overført til helsevesenet, opplyser HRS.

Det var brann- og redningsmannskap frå Tysnes som køyrde ut i privat båt og tok seg inn til vedkomande.

- Annonse -

Båten køyrde på land på nordsida av Tysnes-øya, i nærleiken av Våge. Hovudredningssentralen opplyser til Stord24 at det er snakk om ein sjark-liknande båt.

– Det er snakk om ein 30 fots tresnekke, så noko høg fart har det ikkje vore. Men han har jo køyrt rett på land, så han har nok fått seg ein trøkk, fortel Steinar Vatne ved Hovudredningssentralen.

Han seier at det ikkje er mistanke om at fleire personar var om bord i båten.

– Me er i ferd med å avslutta redningsaksjonen. Det er ikkje grunnlag for å tru at det er snakk om meir enn éin mann.

Politibil krasja

Men det var ikkje berre redningsaksjonen som skapte dramatikk på Tysnes søndag. Det oppsto også ei front mot front-ulukke i Godøysundvegen i Tysnes. I følgje BT var ein politibil blant dei involverte.

– Det skal vera store materielle skadar på begge bilane, og skadeomfanget på dei involverte er foreløpig ukjent, men begge dei involverte var våken og bevisst, står det i meldinga frå politiet.