Kristian Tolås Trondsen var ein aktiv basehoppar med eigen kanal på Youtube. Dette biletet er henta frå ein video han publiserte for berre seks dagar sidan. Foto: Youtube
- Annonse -

28 år gamle Kristian Tolås Trondsen frå Stord omkom i ei basehoppulukke i Møre og Romsdal natt til torsdag.

Trondsen vart funnen omkomen klokka 03.33 natt til torsdag denne veka, opplyste Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet offentleggjorde namnet til basehopparen fredag.

– Han vart funnen i bratt og ulendt terreng av leitemannskap, sa etterforskingsleiar Alf Rune Rolland i politiet til Bergens Tidende torsdag.

Flytta til Molde

Avisa skriv at Trondsen er oppvaksen på Stord, og flytta til Molde for nokre år sidan. Han skal ha drive med basehopping i fleire år.

Ein kamerat av Trondsen var den siste som høyrte frå han då han tok i mot ei tekstmelding i 12-tida onsdag om at han var på toppen av fjellet Sør-Tussa.

- Annonse -

Politiet har starta etterforskning for å finne årsaka til ulukka.

Svært aktiv hoppar

Dagleg leiar i Ekstremsportveko, Kjetil Kriken, gjekk på folkehøgskule saman med Trondsen, og fortel at han var ein aktiv deltakar i basehopp-miljøet i Norge.

– Me var gode vener på folkehøgskule og eg har køyrt mykje ski saman med han, seier Kriken.

– Han har etter det eg kjenner til veldig aktiv luftsportutøvar, spesielt har han halde på veldig mykje med basehopp. Utifrå det eg kan sjå har han hoppa veldig mykje, og spesielt oppe i Romsdalen der han budde siste åra. Der er det jo eit aktivt miljø.

Kriken fekk vite i dag at kameraten omkom i ulukka.

– Når ein mister ein utøvar i ein sport så er det berre trist. Slik er det i heile ekstremsportmiljøet, sjølv om det skjer oftare med basehopp enn andre ting. Basehopp-miljøet i Norge er eit lite miljø, og dei er nok vant til å ta vare på kvarandre når slike ting ser.

Han kjende ikkje til bakgrunnen til turen Trondsen la ut på onsdag, men at alt tyder på at han har dratt aleine.

– Etter det eg kan sjå har han gått aleine, og då er det få som veit om det. Då blir jo det ein jobb for politiet å finne ut kva som har skjedd.

Ulukka skjedde på Fjellet Sørtussa i Møre og Romsdal.

- Annonse -