Forsvararen til fostermora, Siri Øvstebø, er svært kritisk til at Sunnhordland interkommunale barnevern skriv at klienten hennar er ueigna som fostermor, utan å grunngi det. Foto: Advokat Siri Øvstebø/Google maps
- Annonse -

– Her har barnevernstenesta gjort eit vedtak utan at nokon kan kontrollere dei. Det er eg svært kritisk til, seier advokaten til kvinna.

Ei kvinne busett i Bømlo gjekk i fjor sommar til søksmål mot Sunnhordland Interkommunale barnevernsteneste (SIB) og ordføraren i kommunen ho er busett i.

Bakgrunnen er at barnevernstenesta i ein annan kommune kontakta ho for fosterheimsplassering av eit barn i 2017, men SIB tok kontakt med denne kommunen der dei i eit brev slo fast at ho var ueigna som fostermor.

Grunngivinga var at ho tidlegare hadde vore fostermor for to born som barnevernet hadde flytta vekk. Dette på bakgrunn av at dei meinte omsorgen i heimen ikkje var god nok.

Krev 65.000 kroner i oppreisning

Sunnhordland tingrett avviste i fjor haust det første punktet i stemnemålet, som gjekk på å gjere om på vedtaket om å ikkje godkjenne kvinna som fostermor. Retten viser til at dette var eit vedtak som blei støtta av fylkesnemda, og at ho trass i dette framleis vil bli vurdert som fostermor i framtidige fosterheimsplasseringar. Dette blei også stadfesta då ska vart anka til lagmannsretten i desember.

Men Sunnhordland tingrett behandla søksmålet om oppreisingserstatning 9. januar. I følgje søksmålet kravde kvinna 65.000 kroner frå Bømlo kommune, ved ordføraren.

- Annonse -

Det var assisterande rådmann i Bømlo kommune som møtte i retten.

Bakgrunnen for søksmålet er at kvinna meiner det var krenkande for ho at SIB nekta fostringsforholdet ho hadde avtalt med den andre kommunen i 2017.

Gir kvinna delvis rett

Saksøkjar viser til eit brev sendt frå SIB til barnevernstenesta i den andre kommunen i mars 2018, der sakshandsamaren skriv «Vår samla vurdering er at ho ikkje er personleg eigna til å ha oppdrag som fosterheim».

Kvinna meiner desse utsegna er ærekrenkande og ei krenking av privatlivets fred.

Sunnhordland tingrett gir kvinna delvis rett i dette. Dei skriv at dei er samde med det lagmannsretten påpeika i desmber, der det vart bemerka at utsegnet «har ein generell karakter og er noko kategoriske».

– Det kan sjå ut som om SIB har sagt at NN ikkje eignar seg som fostermor, og at ho ikkje seinare kan få fostermorsoppdrag. Kommunen har ikkje sannsynleggjort at det er sakleg grunn til å utelukke NN som fostermor i framtida, skriv retten.

SIB har i følgje retten seinare presisert at ho ikkje er utelukka frå framtidige oppdrag, og at avgjerd om framtidige fosterheimsplasseringar blir avgjort konkret frå sak til sak.

Ikkje grunnlag for oppreisning

Sunnhordland tingrett meiner likevel det ikkje er grunnlag for oppreisningserstatning i saka.

– Retten kan ikkje sjå at uttalen i brevet er krenking av privatlivets fred. Uttalen har ikkje blitt publisert offentleg på annan måte enn i brev frå SIB, og brevet inneheld ei fagleg vurdering.

Når det gjeld spørsmål om oppreisingserstatning for ærekrenking, blir det også her vist til at uttalen frå SIB i dette tilfelle ikkje er publisert eller gjort offentleg. Likevel fastheld retten at SIB ikkje hadde belegg for å skrive det dei skreiv.

– Når det gjeld sjølve uttalen, framstår denne som svært negativ for NN. Det står i brevet frå SIB at det ikkje vil vere forsvarleg å formidle plassering av nye fosterbarn i heimen hennar, og grunngjevinga var erfaring frå ei tidlegare passering.

– Ingen menneskerett å vere forsterforelder

Retten viser til at SIB tidlegare har skrive at borna som blei fråteke kvinna hadde ei god utvikling hos ho.

– Det går fram av saksdokumenta at årsaka til opphevinga av fosterheimsoppdraget for dei to barna var særleg krevjande, og at dei barna hadde hatt ei god utvikling hos NN.

Konklusjonen til Sunnhordland tingrett er likevel at uttalen i brevet er basert på eit forvaltningsmessig skjønn, og vert ikkje definert som æreskrenkande.

– Retten er samd med kommunen i at det ikkje er ein menneskerett å vere fosterforelder, og at barnevernstenesta må ha høve til å vurdere fosterheimar fortlaupande.

Den saksøkte kommunen i Sunnhordland blir dermed frifunnen for oppreisingskravet. Kvinna må betale 16.250 kroner sakskostnadar til kommunen.

– Svært problematisk og udemokratisk

Advokaten til kvinna, Siri Øvstebø, som var prosessfullmektig i saka, seier klienten hennar er skuffa over konklusjonen til retten.

– Klienten min har nettopp fått dommen og me avventer no og vil vurdere å anke.

Ho reagerer på at barnevernet kan gjere vedtak som dei ikkje treng å grunngi.

– Her har ein ei teneste der dei tilsette i denne type saker kan gjere vedtak utan at nokon kan kontrollere dei. Det er eg svært kritisk til. Bømlo kommune sitt standpunkt er at avgjersla blir teken av barnevernstenesta og ikkje kan kontrollerast av nokon fordi det ikkje er plikt til å gi ei grunngjeving. For min del er dette svært problematisk og udemokratisk.

Har ikkje retta formuleringa

Øvstebø meiner det viktige i saka ikkje er sjølve vedtaket, men den manglande grunngjevinga for å fatte det.

– Sjølve vedtaket om å nekte ho fosterheimsoppdrag kan jo være heilt greit det. Men når ein ikkje grunngjev det, så er det veldig vanskeleg å vite kva som ligg til grunn for ein slik vurdering, og om avgjersla er forsvarlig, seier Øvstebø.

Ho er også kritisk til rettinga som SIB har sendt i eit brev til klienten hennar, som hennar klient meiner ikkje er ei skikkeleg retting.

– Etter kjennelsen i lagmannsretten har dei vedkjent at dei har ein kategorisk formulering, men den er framleis ikkje retta. Det var aldri sagt at formuleringa var kategorisk før lagmannsretten påpeika det, etter det eg kan sjå.

- Annonse -